Innlogging
Du loggar deg inn med Tussa-kundenummer og Tussa-PIN-kode. Kundenummer finn du på straumfakturaen din. PIN-kode er ei personleg kode du sjølv har lagra.
DI SIDE FIBERPRODUKT
Finn du ikkje kundenummer eller PIN-kode kan du kontakte Tussa kundesenter og få hjelp.
Tlf. 70 04 63 00.
Når du har logga inn får du under 'Breiband' lista opp ei eller fleire breibandskontraktar. Fiberkontrakten er den som har eit namn under 'Område', t.d. Bratteberg 1. Du skal trykke på 'Til leveranse' heilt til høgre på den lina. Du kjem då inn på sida med informasjon om fiberleveransen. Her finn du mellom anna informasjon om kva produkt du har bestilt, oppkoplingsdato, informasjon om ruter, epost-oppsett og pålogging. Har du bestilt portering av telefoni vil du og finne dato for dette her.
I framtida vil du kunne endre produkt rett frå denne sida. Du vil mellom anna sjølv kunne bestile fleire kanalpakkar, høgre internetthastigheit og anna.
DI SIDE TELEFONI
VIKTIG! Når du klikker på linken under for å logge inn på Di side for breibandstelefoni vil du kanskje få opp denne advarselen:

Du må klikke på "Fortsett til dette webområdet (anbefales ikke)", og det er heilt trygt!
Dersom du ikkje har Brukarnavn og Passord kan du kontakte Tussa kundesenter og få hjelp.
Tlf. 70 04 63 00.
Når du har logga inn på Di side for breibandstelefoni finn du dei tilgjengeleg tenestene vi har for Tussa Breibandstelefoni.
Kven ringjer
Dersom du har ein analog telefon som støtter nummervisning kan du sjå kven som ringjer til deg - og også kven som har ringt tidlegare.
Ruting av nødnummer
Må du ringje ein nødsentral, vil samtalen bli ruta til næraste sentral.
Vidarekopling
Du kan vidarekople til andre telefonar, også mobil. Dette kan du gjere direkte frå telefonapparatet. Sjå oversikt over koder her for diverse vidarekoplingar.
Sperreliste
Sperreliste for utgåande og innkomande samtaler kan du administrere sjølv via eige web-grensesnitt.
Skjult nummer
Du kan ringje med skjult nummer dersom du ønskjer det. Du kan også aktivere skjule eller vise nummer for enkeltsamtalar. Sjå her for oversikt over kodene.
